NyheterTesterRabatterArrangementerStederTjenesterVerktøyKurs
Bli medlem

Familieverkstad - Vi teiknar og målar hus

lørdag 13. februar kl. 13:00

Mobergsbakken 20

Arrangør: VisitNorway

Me teiknar og målar hus frå Os i Thorbjørn Egner- stil. Bli med på eit kreativt familieverkstad der vi teiknar og målar hus frå Os og omegn inspirerte av den varme og fantasifulle stilen til Thorbjørn Egner. Mange kjenner Egner frå forteljingane om Kardemomme by, der husa er fargerike, sjarmerande og fulle av personlegdom. Illustrasjonane hans kombinerer enkle former, fine detaljar og ein leiken bruk av fargar som inviterer til undring og forteljing. Vi tek utgangspunkt i fotografi av lokale hus og bygningar frå Os og nærområdet. Først arbeider vi med blyantskisser, deretter akvarell, og let oss inspirere av Egners lette og livlege uttrykk. Velkomen til ei stund fylt med kreativitet, fargar og lokal byggjeskikk sett gjennom eit eventyrleg blikk. __ Praktisk info: Stad: Foajeen Antall plassar: 30 Varigheit: 2 timar Pris: 150,- Målet med verkstaden er at foreldre og barn skal skape og oppleve noko saman. Difor må også foreldre eller andre deltakarar kjøpe eigen billett for å dekke utstyrskostnader. Inkludert inngang i Grieg Kunstsamling Som deltakar på familieverkstadene får du også fri inngang til Grieg Kunstsamling, der de kan utforske kunsten på Oseana saman. (Ordinær inngangspris er kr 100 for vaksne og kr 50 for barn.) Mange takk til Grieg Foundation, som bringer kunstglede til store og små.
Se arrangementet i Pappaklubben

Guider, artikler og råd til norske pappaer — åpent for alle.

Bli en del av klubben for tilgang til feed, grupper og tilbud.

Om & kontakt

  • Personvern
  • Vilkår
  • Redaksjonen
  • Kontakt oss

For partnere

  • Annonsører
  • Presse

© 2026 Pappaklubben AS · Org.nr 837 652 472