NyheterTesterRabatterArrangementerStederTjenesterVerktøyKurs
Bli medlem

Riksteatret: Apestjernen

søndag 25. oktober kl. 17:00

Mobergsbakken 20

Arrangør: VisitNorway

Tenk å plutseleg få ein gorilla som mamma! Ni år gamle Jonna har alltid drøymt om å ha ei mamma. Ein dag svingar ein gammal, skitten Volvo inn framfor barneheimen der ho bur – og ut av bilen stig ein gorilla. Ho vil adoptere Jonna, men Jonna er litt usikker. Korleis er det eigentleg å få ein stor, rufsete og spinnvill gorilla til mamma? Og kva om det er sant det dei seier – at gorillaer et små barn?! Ta med barna og gjer noko gøy saman når Riksteatret gjestar kulturhuset med teaterversjonen av Frida Nilssons overraskande, morosame og gripande barnebok – ei varm forteljing om familielykke som oppstår når ein minst ventar det. Ingen familiar er like. I hovudrolla som Jonna møter du Ina Svenningdal (fra NRKs «Linus i svingen» og «Skam») i ei leiken og fargerik framsyning med artige figurar og songar du lett kan få på hjernen. Passar for barn frå 5 år. Sagt om boka: «I klasse med Astrid Lindgren … et varmt eventyr om raus og uvanlig foreldrekjærlighet.» Aftenposten «Storartet ledestjerne … tidløse kvaliteter som passer like godt i vår tid.» Barnebokkritikk.no «Som Astrid Lindgren er Frida Nilsson trofast mot barnets blikk» NRK PS! Viss det skulle dukke opp ein gorilla i ein stygg bil i livet ditt: Grip sjansen! Ting er ikkje alltid som dei ser ut. Urpremiere i Oslo, Nydalen 8. oktober 2026 Turnépremiere i Kristiansund 14. oktober 2026 Med Ina Svenningdal, Marte Stolp, Karianna Sommero, Mailin Moon Lee Øgrim, John Hagen, Nils Oortwijn og Herman Hilde Pedersen. Av Frida Nilsson. Dramatisert av Jenny Svensson. Regissør og koreograf Jakob Höglund. Scenograf og dokkedesignar Heini Maaranen. Kostymedesignar Heidi Wikar. Lysdesignar William Iles. Komponist og lyddesignar Stefan Johansson. Dramaturg og sufflør Christina Smeby. Kunstnarisk rådgjevar Grethe Henden. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av Riksteatret. ___ Mat før framsyninga: Informasjon om eventuell showmeny kjem snart. Varigheit: Ca 2 timar (inkl. pause) Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt (tlf. 917 50 231 / [email protected]). Ledsagar er gratis.
Se arrangementet i Pappaklubben

Guider, artikler og råd til norske pappaer — åpent for alle.

Bli en del av klubben for tilgang til feed, grupper og tilbud.

Om & kontakt

  • Personvern
  • Vilkår
  • Kontakt oss

For partnere

  • Annonsører
  • Presse

© 2026 Pappaklubben AS · Org.nr 837 652 472