Familieverkstad – Teikn og mal eit mystisk eventyr!

søndag 25. oktober kl. 13:00

Mobergsbakken 20

Arrangør: VisitNorway

Med akvarellark, akvarellblyantar og gullmåling får du denne dagen høve til å skape ditt eige eventyr. Vi lèt oss inspirere av eventyr og Theodor Kittelsen sitt mystiske bilete Nøkken fiskar, som høyrer til i Grieg Kunstsamling. Velkommen til ein kreativ og hyggeleg familieaktivitet! ___ Om familieverkstadene: Pedagog Inga S. Søreide instruerer i ulike teknikkar. Verkstaden passar for heile familien, og alle deltakarar får rettleiing undervegs. Alt materiale og utstyr er inkludert i prisen, og kunstverka kan takast med heim same dag. Målet er at foreldre og barn skal skape og oppleve noko saman. Difor må også vaksne deltakarar kjøpe eigen billett for å dekke utstyrskostnader. Stad: Foaje Pedagog: Inga S. Søreide Antall plassar: 30 Varigheit: 2 timar Pris: 140,-