Den fyrste song
Tekst til barnesangen: Den fyrste song
Tekst til barnesangen: Den fyrste song
Den fyrste song eg høyra fekk,
var mor sin song ved vogga;
dei mjuke ord til hjarta gjekk,
dei kunde gråten stogga
Dei sulla meg so underleg,
so stilt og mjukt te sova;
dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova
Den vegen ser eg enno tidt,
når eg fær auga kvila;
der stend ein engel, smiler blidt,
som berre ei kan smila
Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav
den song som all ting heilar
Publisert: 08.05.23 kl. 20:55
Oppdatert: 07.06.26 kl. 21:01
Relaterte artikler
Publisert 8. mai 2023


